Riise på benken i sigerskamp

(NPK-NTB): John Arne Riise såg heile kampen frå benken då Chennaiyin slo serieleiar Northeast 1– 0 i den indiske superligaen i fotball torsdag.

Riise har vore fast inventar i Chennaiyins midtforsvar denne sesongen, men torsdag sende trenar Marco Materazzi ei forsvarsrekke utan nordmannen på bana.

Riise blei heller ikkje bytt inn undervegs i oppgjeret.

– Strålande siger i kveld! Godt å få ein kvilepause før det hektiske programmet som ventar, skreiv nordmannen på Twitter etter kampslutt.

Italienske Davide Succi scora det einaste målet i kampen på ein strålande volley rett etter pause.

Regjerande meister Chennaiyin innleidde sesongen nølande med eitt poeng på dei to første kampane. No har derimot Riise og lagkameratane fått fart på poengfangsten. Sigeren torsdag var den andre strake for laget.

Northeast er framleis serieleiar, tre poeng føre Chennaiyin, men Riises lag har to kampar til gode.

32.844 tilskodarar såg kampen torsdag på Indira Gandhi stadion. (©NPK)