Annonse

Rohingyaer blir skulda for massakrar

Det er ikkje berre militæret i Myanmar som har gjort seg skuldige i massedrap på sivile. Også rohingyaene er skulda for massakrar, ifølgje Amnesty.

Annonse

I ein ny rapport hevdar Amnesty at militante rohingyaer stod bak eit massedrap i ein hindu-landsby under uroa i Rakhine i Myanmar i fjor. Fleire titals hinduar blei drepne i angrepet.

Ifølgje rapporten fann massakren stad 25. august 2017, same dag som militante rohingyaer angreip eit 30-tals myanmarske politipostar.

Det var dei angrepa som utløyste krisa med massakrar i rohingya-landsbyar i Rakhine, som enda med at hundretusenvis av rohingyaer flykta til Bangladesh.

Styresmaktene i Myanmar frakta fleire journalistar til området i det nordlege Rakhine, der dei viste dei rotnande lik i ei open massegrav.

Rohingya-militsen ARSA nekta då for at dei hadde noko med angrepet å gjere, men nye undersøkingar gjort av Amnesty tyder altså på 53 hinduar, dei fleste barn, blei likviderte i angrepet, og at ARSA var ansvarlege.

(©NPK)