Ronaldo blei historisk og slo ut Marokko

Cristiano Ronaldo blei den mestscorande europeiske landslagsspelaren gjennom tidene då Portugal vann 1-0 i VM-kampen onsdag og slo ut Marokko.

33-åringen blei matchvinnar og sytte for det 85. landslagsmålet sitt då han heada inn 1-0 etter fire minutt i Moskva. Dermed passerte portugisaren Ferenc Puskás som den mestscorande europearen gjennom tidene.

Marokko var avhengig av poeng for å behalda sjansen til å gå vidare og styrte mykje av kampen. Portugal klarte derimot å ri stormen av og tok eit viktig steg mot avansement, mens Marokko blei det første laget som offisielt er slege ut av verdsmeisterskapen.

Etter scoringa la Portugal seg litt bakpå, og Marokko styrte mykje av kampen. Spesielt Nordin Amrabat var aktiv på høgrekanten, men midtstopparane til Portugal hadde god kontroll på det som kom.

Kampen var prega av få sjansar. Rett før slutt hadde Hakim Ziyech ein kjempesjanse til å sikra poeng for Marokko, men Pepe blokkerte skotet på meisterleg vis, og kampen enda 1-0.

Berre ein er framfor

Dermed blei Cristiano Ronaldo den store helten for Portugal. 33-åringen har no nest flest landslagsmål i historia. Berre tidlegare Iran-spelar Ali Daei med 109 mål ligg framfor dei 85 nettkjenningane til Ronaldo.

Marokkos Nordin Amrabat fekk ei hjerneristing i 0-1-tapet mot Egypt, men valde å trassa dei medisinske retningslinjene til Fifa då han spelte oppgjeret mot Portugal mindre enn seks dagar etter smellen. Det trass i at han berre klarte å svara på eitt av fem spørsmål landslagslegen stilte etter Iran-kampen.

Kasta hjelmen

Amrabat starta kampen med hjelm, men etter dryge kvarteret valde han synleg frustrert å kasta hjelmen. Det fekk NRK-kommentator Lise Klaveness og mange på sosiale medium, til å reagera. Trass smellen mot Iran leverte Watford-spelaren ein god kamp.

Sjølv om Marokko no er slegen ut, kjemper Iran, Spania og Portugal om dei to sluttspelsplassane. Iran og Spania møtest klokka 20.00 onsdag kveld. Med siger vil Iran vera klar for sluttspelet, men spanjolane er favorittar.

Den siste runden i gruppa blir spelt på måndag. Då ventar oppgjera Spania-Marokko og Portugal-Iran.

(©NPK)

Cristiano Ronaldo blei matchvinnar då han sende Marokko ut av VM. Foto: Victor Caivano / AP/ NTB scanpix