Ronaldo skal tilbydd å betala 140 mill. i skattesak

Cristiano Ronaldo skal ha føreslege å betale dei over 140 millionar kronene (14,7 mill. euro) han skuldar i skatt til spanske styresmakter.

Cristiano Ronaldo skal ha føreslege å betale dei over 140 millionar kronene (14,7 mill. euro) han skuldar i skatt til spanske styresmakter.

Ifølgje avisa El Mundo har advokatane til Ronaldo forhandla med den spanske statsadvokaten i eit forsøk på å leggja skattesaka som går føre seg, bak seg.

Ronaldo er skulda for å ha unnlate å betala skatt på 14,7 millionar euro, rundt 140 millionar kroner, gjennom å bruka skatteparadis i utlandet i åra 2011 til 2014. Spesielt dreier det seg om inntekter frå bilderettar på nærmare 1,5 milliardar kroner (150 mill. euro).

I slutten av juli i fjor måtte Real Madrid-stjerna forklara seg om påstandane for første gong i ein domstol i Pozuelo de Alarcón. Han sa at han aldri har skjult noko og aldri har prøvd å unndra seg skatt.

Fleire andre Spania-proffar er også tekne for skattefusk dei siste åra. Spanske styresmakter har lagt ned store ressursar i å nøsta opp i desse sakene.

Blant andre blei argentinaren Lionel Messi i 2016 dømd til fengsel i 21 månader og 19 millionar kroner i bot for skatteunndragingar. Han slapp å sona fordi slike førstegongssaker i Spania gjev fengsel på vilkår.

(©NPK)

Real Madrids Cristiano Ronaldo skal ifølgje avisa El Mundo tilbydd seg å betala 14,7 millionar euro i skuldig skatt til spanske styresmakter. Foto: Emilio Morenatti / AP / NTB scanpix