Roth tre hundredelar frå finale

Thomas Roth spurta godt, men kom nokre centimeter for seint til å sikre seg finaleplass på 800 meter under friidretts-EM i Berlin fredag.

Roth fekk til ei god avslutning på semifinaleheatet sitt, men hadde fem løparar framfor seg på målstreken. Hadde han knepet femteplassen, hadde det blitt finalebillett på tid.

Roth fekk tida 1.46,60. Det var ein tidel raskare enn i forsøket.

Ull/Kisa-løparen ergra seg over at han blei stengt inne i feltet heilt til berre hundre meter stod att fredag.

- Det er jo berre mi skuld, men hadde eg ikkje blitt stengt inne, hadde eg vore i finalen no. Det følast kjedeleg, samanfatta Roth overfor NRK.

- Forma var god nok til å komme til finalen, men taktikken var ikkje god nok, tilføydde han.

Den andre deltakaren til Noreg på 800 meter, Markus Einan, rauk ut i forsøket.

(©NPK)

Thomas Roth rsuk ut i semifinalen på 800 meter. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix