Annonse

Rubio støttar Tillerson som utanriksminister

Den republikanske senatoren Marco Rubio vil støtta Rex Tillerson når utanrikskomiteen til Senatet skal godkjenne ny utanriksministeren til USA.

Det fortel nyheitsbyrået AP før avstemminga måndag ettermiddag lokal tid. Rubio gjekk hardt ut mot Tillerson under høyringa i komiteen tidlegare i januar. Mellom anna reagerte han sterkt på motviljen til Tillerson mot å kalla Russlands president Vladimir Putin for ein «krigsforbrytar», og han meinte også at den tidlegare toppsjefen i Exxon Mobile ikkje er kritisk nok til menneskerettsbrot i Saudi-Arabia og på Filippinane.

Rubio var i utgangspunktet ein av favorittane til å bli presidentkandidat for republikanarane, men Donald Trump slo han i nominasjonsvala.

Tillerson har sikra seg lunken støtte frå to andre påverknadsrike republikanarar, John McCain og Lindsey Graham. Begge har uttrykt uro, men dei meiner likevel at Tillerson vil bli ein effektiv forkjempar for amerikanske interesser.

Samtidig har den øvste demokraten i utanrikskomiteen i Senatet, Ben Cardin, varsla at han ikkje vil støtta Tillerson. Han viser til at rolla til Tillersons tidlegare i næringslivet kan kompromittera evna hans til å fremja amerikanske verdiar og ideal.

(©NPK)