Russisk kjemikar seier berre Russland har tilgang til nervegifta som blei brukt i Salisbury

Den russiske kjemikaren Vil Mirzajanov, som først avslørte at nervegifta Novitsjok eksisterer, seier ingen andre land har tilgang til den.

Mirzajanov arbeida med utviklinga av det kjemiske våpenet i det tidlegare Sovjetunionen, og seier at nervegifta Novitsjok er noko Russland «har monopol på».

Han seier vidare at «ingen andre land» kunne ha brukt denne spesifikke nervegift-typen til å forgifte den britiske eksspionen Sergej Skripal og dotter hans Julia.

Russland har avvist både skuldingane om at dei i det heile tatt har hatt eit program for å utvikle nervegifta, og alle skuldingar om at dei har vore involverte i giftangrepet i Salisbury.

Mirzajanov seier derimot at dersom gifta som blei brukt i Salisbury, faktisk er Novitsjok, slik Storbritannia seier, «er det 100 prosent klart at den kom frå Russland».

-For å lage det den består av, treng ein avanserte laboratorium og veldig erfarne tilsette, som berre eksisterer i enkelte land, seier han.

Vidare spekulerer han på om dei som forgifta dei, kan ha tatt med seg to separate delar av nervegifta til Storbritannia, for deretter å blande dei saman like før den blei brukt.

Den russiske kjemikaren har snakka med nyheitsbyrået AP frå Princeton i New Jersey, der han no er busett. På 90-talet avslørte han at russiske styresmakter utvikla det ytst giftige stoffet Novitsjok under den kalde krigen, og at det blei framstilt ved eit kjemisk institutt i Moskva, der han sjølv arbeida heilt fram til tidleg på 1990-talet.

(©NPK)