Annonse

Russisk opposisjonsleiar blir nekta å stille til val

Den russiske valkommisjonen meiner opposisjonsleiar Aleksej Navalnyj ikkje er kvalifisert til å stille som presidentkandidat i 2018.

- Per dags dato er ikkje Aleksej Navalnyj kvalifisert til å stille i eit presidentval, heiter det i ei fråsegn frå den russiske valkommisjonen.

Dei viser til det faktum at han sonar ein femårig dom på vilkår av korrupsjon, noko som er i kategorien alvorleg kriminalitet.

Dei siste åra har Navalnyj markert seg som ein av dei fremste kritikarane av Putin og gjort det klart at han ønsker å stille som presidentkandidat i 2018.

Det var derimot venta at han ikkje ville få anledning til dette, som følgje av korrupsjonsdommen valkommisjonen viste til fredag. Navalnyj sjølv hevdar dommen var politisk motivert.

Den 40 år gamle juristen blei førre veke dømt til 30 dagar i fengsel for å ha arrangert ein ulovleg demonstrasjon, og måtte også sone to veker bak murane for det same i mars.

(©NPK)

Den russiske opposisjonsleiaren Aleksej Navalnyj får ikkje stille i neste års presidentval. Her er han avbilda i retten i Moskva, då han tidlegare denne månaden anka ein fengselsdom for å ha arrangert ulovlege demonstrasjonar. Foto: AP / NTB scanpix.