Russisk opposisjonsleiar oppmodar til demonstrasjonar under VM

Den russiske opposisjonsleiaren Alexej Navalnyj ber folk bruka fotball-VM som høve til å protestera mot den nye pensjonsordninga i landet.

På Instagram oppmodar han folk til å gå ut i gatene den 1. juli for å visa motstand mot reforma.

- Heilt ærleg, auken av pensjonsalderen er rein kriminalitet utført av Putin og statsminister Medvedev, skreiv Navalnyj på Instagram.

Han tek til orde for protestar i Moskva og andre store byar i Russland, og også internasjonalt. Alle bør delta, uansett politisk ståstad, skriv han.

Den russiske pensjonsalderen er blant den lågaste i verda: 60 år for menn og 55 for kvinner. Same dagen som VM starta, 15. juni, kom forslaget frå Kreml om at pensjonsalderen skal aukast til 65 år for menn og 63 for kvinner innan 2034.

Navalnyj sa at partiet hans har søkt om demonstrasjonar i byar som ikkje er VM-byar, i tråd med ei lov som seier at det ikkje er lov å demonstrera i byane under meisterskapen.

Meir enn 1,5 millionar russarar har signert eit opprop mot den nye pensjonsordninga, som har vore urørt sidan 1930.

Navalnyj, ein profilert kritikar av Putin-regimet, sleppte ut av fengsel då VM starta etter å ha sona ein 30-dagars dom for å ha organisert ein demonstrasjon som blei gjennomført utan å vera varsla på førehand. Tidlegare har han blitt nekta å vera med i presidentvalet.

(©NPK)

Den russiske opposisjonsleiaren Alexej Navalnyj forlèt eit interneringssenter i Moskva i Russland, AP Photo / Dmitry Serebryakov / NTB scanpix