Annonse

Russisk UD kallar MH17-etterforsking «politisk motivert»

(NPK-NTB-DPA): Det russiske Utanriksdepartementet kallar etterforskinga av nedskytinga av MH17 «partisk» og «politisk motivert».

Annonse

Ei nederlandsk-leidd etterforskingsgruppe har konkludert med at Malaysia Airlines' flyging MH17 blei skoten ned av ein russisk rakett over Aust-Ukraina i juli 2014. Alle dei 298 om bord omkom i styrten.

Raketten blei fyrt av frå eit område kontrollert av russiskstøtta opprørarar, og utskytingssystemet blei seinare frakta tilbake til Russland, konkluderer gruppa, som også har hatt medlemmer frå Belgia, Ukraina, Malaysia og Australia.

– Etterforskarane held fram å ignorere klare bevis frå russisk side, trass i det faktum at Russland i botn og grunn er den einaste som gir truverdig informasjon og oppgir alle sine nye data, seier talskvinne Maria Zakharova i det russiske Utanriksdepartementet.

– Det har blitt norma for våre vestlege kollegaer å vilkårleg peike ut ein skuldig part og fabrikkere dei ønskte resultata, seier ho.

Også dei russiskstøtta opprørarane i Ukraina nektar for å ha hatt noko å gjere med nedskytinga. (©NPK)