Annonse

Russiske atombombefly identifisert langs norskekysten

(NPK-NTB): Norske F16-fly identifiserte torsdag to russiske bombefly laga for å bere atomvåpen som fløy langs norskekysten.

Forsvaret opplyser til NRK at det er sjeldan dei ser russarane fly så langt sør som i dette tilfellet.

– Men vi ser det av og til. Dette er fly som russarane har operert lenge, frå den kalde krigens dagar. Dette er strategiske bombefly som kan frakte atomvåpen så vel som konvensjonelle våpen, seier pressevakt Brynjar Stordal ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Ifølgje nettstaden Airlive.net, som ein gruppe flyentusiastar driv, dreier det seg om fly av typen TU-160 Blackjack frå det russiske luftforsvaret. Flya skal ha blitt identifisert av to norske F16 langs kysten av Noreg, før to skotske fly av typen Eurofighter Typhoon følgde med russarane då dei nærma seg nordre del av Skottland. (©NPK)