Annonse

Russiske krigsskip avlyser tanking i Spania

(NPK-NTB-AP): Russland har trekt tilbake førespurnaden om å få tanke opp fleire russiske krigsskip i den spanske enklaven Ceuta etter kraftige reaksjonar i fleire Nato-land.

Det russiske hangarskipet Admiral Kuznetsov og fleire andre russiske fartøy, truleg ubåtar òg, har dei siste dagane passert Nordsjøen og Den engelske kanalen på veg mot Middelhavet. Onsdag morgon var dei venta forbi Gibraltar.

Ein talsmann for den russiske ambassaden i Madrid opplyste onsdag ettermiddag at førespurnaden om å få fylle drivstoff i Ceuta er trekt tilbake, men utan å seie noko om kvifor.

Nato-sjef Jens Stoltenberg kritiserte ikkje Spania direkte, men uttrykte uro for at dei russiske skipa kunne vere på veg til Syria, og at Spania dermed risikerer å vere med på å utsetje den syriske sivilbefolkninga for enda større lidingar, særleg i Aleppo.

– Kvart enkelt land vedtar sjølv om dei vil hjelpe til med drivstoff til russiske fartøy, men i denne saka har eg fremja ein svært tydeleg bodskap om at vi er urolege for at denne hangarfartøysgruppa kan komme til å bli brukt i fleire angrep mot Aleppo, sa Stoltenberg.

– Menn, kvinner og barn døyr kvar einaste dag i uverdige angrep mot bustader og til og med sjukehus, slo han fast.

Tidlegare forsvarsminister i Storbritannia Gerald Howarth har uttalt til Daily Telegraph at det er svært uheldig at eit Nato-land tillèt russiske skip å fylle drivstoff.

Den amerikanske Nato-ambassadøren, Douglas Lute, seier at Russland har full rett til å sigle i internasjonalt farvatn. Likevel kan det vere problematisk viss Admiral Kuznetsov, som har fleire titals krigsfly og helikopter om bord, er med på bombinga av sivile mål i Syria, særleg i og rundt Aleppo, meiner Lute. (©NPK)