Russland øver med missil nær grensa mot vest

(NPK-NTB-AP): Russland har utført øvingar, som blant anna har involvert kortdistansemissil, nær den vestre grensa i landet, opplyser det russiske forsvaret torsdag.

Missila det er gjort øvingar med er kjent som Iskander-M og har ei rekkevidde på 500 kilometer. Dermed kan missilet treffe mål i fleire Nato-land.

Øvinga blei utført nær byen Luga, omtrent 100 kilometer frå grensa mot Estland. Militæret seier sjølv at øvinga gjekk ut på utplassering av missil og førebuingar til å fyre dei av. Iskander kan utstyrast med både konvensjonelle stridshovud og atomstridshovud.

Moskva har vist sterk misnøye med utplassering av Nato-styrkar nær grensene sine og har lovd å gjere mottiltak.

Dette er den andre missiløvinga denne månaden nær Russlands vestre grense. (©NPK)