Russland vil framleis ha importforbod mot vestleg mat

(NPK-NTB-AFP): Russlands president Vladimir Putin forlenger forbodet mot matimport frå vestlege land til 2018.

Det russiske forbodet mot matimport blei først sett i gang i august 2014 som eit svar på dei økonomiske sanksjonane som vestlege land innførte mot Russland som følgje av annekteringa av Krim.

Den russiske avgjerda blei gjort kjent onsdag. Forbodet mot import av grønsaker, meieriprodukt, kjøt og fleire andre matvarer blir forlengd til desember 2017.

EU avgjorde førre veke å forlenge sanksjonane mot Russland med eit halvt år, fram til 17. januar 2017. (©NPK)