Russlands OL-komité trur på 200 russarar i OL

Russiske utøvarar som vil delta i OL under nøytralt flagg, får støtte av Russlands olympiske komité. Det blir forventa rundt 200 russarar til start.

Det melder det russiske nyheitsbyrået RIA etter eit møte i komiteen tysdag. Med i møtet var representantar frå russisk ishockey, kunstløp, skøytesport og fleire idrettar.

Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) valde i førre veke å stengje Russland ute frå vinterens OL i Sør-Korea. Bakgrunnen er at IOC meiner å ha bevis for at russarane systematisk har brote dopingreglementet før og under OL i 2014.

I kjølvatnet av avgjerda har ei rekkje reine russiske utøvarar signalisert at dei ynskjer å delta i OL som uavhengige utøvarar. Det er dette den russiske OL-komiteen tysdag har gitt støtte til.

- Potensielt er fleire enn 200 utøvarar i posisjon til å kvalifisere seg, seier Alexander Zjukov, president i den russiske OL-komiteen.

Eitt av krava for å få delta i OL under IOCs flagg, er at du aldri tidlegare er dømt for brot på dopingreglane.

- IOC må sørgje for å gje invitasjon til dei sterkaste russiske utøvarane, slik at til dømes ishockeylaget vårt består av dei beste spelarane, sa Zjukov på ein lukka kongress tysdag.

(©NPK)

Langrennsløparane Sergej Ustjugov og Andrej Larkov er blant dei russiske utøvarane som kan få delta i OL under nøytralt flagg. Foto: Berit Roald / NTB scanpix