Rygga på kona - fekk 30 dagar på vilkår

Ein 81 år gammal mann er i Stavanger tingrett dømt til 30 dagars fengsel på vilkår for å ha rygga på kona si. Ho døydde seinare av skadane.

Etter ein treningstime 23. august i fjor ved Ledaal i Stavanger skulle 81-åringen rygge ut medan kona stod bak bilen og dirigerte. Ifølgje forklaringa til den tiltalte fekk han panikk då bilen rygga raskare enn venta og han trakka difor på gassen i staden for bremsen. Kona blei treft av bilen og døydde seinare av skadane, skriv Stavanger Aftenblad.

- Retten er ikkje i tvil om at den tiltalte si erkjenning av at han ved aktlaus køyring har ført til at ektefellen døydde, og den etterfølgjande straffesaka og mediemerksemda rundt denne, inneber ei stor belastning for han, heiter det i dommen.

I tillegg til fengselsstraffa, mistar 81-åringen førarkortet for ein periode på 3 år og må betale 4.000 kroner i sakskostnader.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix