Sagan snytte Kristoff for etappesiger i Tour de France

Alexander Kristoff tok andreplassen bak Peter Sagan på den 13. etappen i Tour de France fredag. Det skilte berre centimeter mellom dei to.

Undervegs på etappen sikra Alexander Kristoff seg 11 poeng på den innlagde spurten, mens Sagan i den grøne leiartrøya tok 9 poeng og Edvald Boasson Hagen 6 poeng.

- Dette er kanskje den største moglegheita mi til ein etappesiger, sa Alexander Kristoff til TV 2 før etappen.

Då det blei spurta om siger, viste Sagan seg likevel akkurat litt for sterk for Kristoff.

Etappen var på snaue 170 kilometer og gjekk frå Bourg d'Oisans til Valence, og etter to tøffe fjelletappar var det spurtarane sin tur igjen då feltet tok seg vekk frå Alpene til sentralmassivet i Frankrike på veg mot Pyreneene.

Det gjekk eit tidleg brot der fire ryttarar kom seg laus frå resten av feltet. Det var Thomas De Gendt, Michael Schär, Dimitri Claeys og Tom Scully. Brotet heldt ikkje, og det blei som venta eit spurtoppgjer.

Det har vore eit stort mannefall i Tour de France i år. 176 ryttarar stod på startstreken i Vendée, mens berre 152 stilte til start på den 13. etappen i Bourg d'Oisans. Det har ikkje vore eit lågare tal i etapperittet sidan 2000, då 151 var igjen før den 13. etappen. Då stilte 20 lag og 180 ryttarar til start. I år er det 22 lag som deltar, men talet på ryttarar per lag er redusert frå ni til åtte.

(©NPK)