Annonse

Samar opplever meir diskriminering enn nordmenn

(NPK-NTB): Ein ny forskingsrapport viser at samar har fire gonger så høg risiko for å oppleve diskriminering som majoritetsbefolkninga.

Forskarane har gjennomført ei undersøking blant 11.600 samar frå 25 kommunar frå Trøndelag og nordover, skriv Klassekampen. Statistikken dei kom fram til er nedslåande, seier førsteamanuensis Ketil Lenert Hansen ved UiT – Noregs arktiske universitet.

– Det er store tal. Svært mange samar opplever ulike former for diskriminering. Den vanlegaste forma som blei rapportert av samar, er etnisk diskriminering, etterfølgt av diskriminering på grunn av kjønn og geografisk tilhøyring, fortel Hansen. Han seier det også finst diskriminerande strukturar der det ikkje nødvendigvis ligg noka vond vilje bak.

– Strukturen i det offentlege er slik at det samiske ofte blir gløymt. Ein gløymer å omsette tekstar til samisk språk eller å rykke inn annonsar i samiske medium, fortel Hansen.

Som eit døme viser han til utlysinga av jobben som fylkesmann i Finnmark. Annonsen blei ikkje rykt inn i nokon av dei samiske avisene.

– Det gir eit svært dårleg signal når den viktigaste stillinga i Noregs største samefylke ikkje blir lyst ut til det samiske publikum, meiner redaktør Geir Wulff i den samiske avisa Ságat. (©NPK)