Annonse

Samarbeidspartia går imot asyl-omkamp

(NPK-NTB-Signe Rosenlund-Hauglid): Innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) varsla tysdag at asylinnstrammingane som blei vedtekne i juni ikkje er stramme nok. Det får KrF og Venstre til å reagera.

Berre kort tid etter at Stortinget vedtok dei omstridde asylinnstrammingane 10. juni, gjekk innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) ut i Dagbladet og sa at ho ønskjer strengare tiltak for å hindra at fleire søkjer asyl i Noreg.

– Ho har nok arbeid på pulten sin frå før og bør konsentrera seg om det, seier næringspolitisk talskvinne Line Hjemdal (KrF) til NTB.

KrF og Venstre meiner no Listhaug bør bruka tida framover på å effektivisera dei punkta som nyleg blei vedtekne, i staden for å kjempa om nye tiltak.

– EG bit meg merke i at ho rettar seg mot dei mest sårbare gruppene i samfunnet. Familiane våre og barna våre. Listhaug kjenner Krfs hjartevarme for mindreårige, og vi er glade for å vera eit konstruktivt motparti til slik politikk, seier Hjemdal.

Samtidig har innvandringsministeren kritisert samarbeidspartia for manglande kriseforståing fordi talet på asylsøkjarar var lågare enn på lenge då innstrammingane skulle vedtakast. Hjemdal strekar under at KrF er klar til å endra politikk viss det blir kravd, men ser ingen grunn til at dei ferske vedtaka må endrast med det første.

– Vi har sagt at vi skal ha ein politikk som gjev vern til dei menneska som treng det. Så må vi arbeida på fleire frontar så vi får meir rom i verda, slik at menneske slepp å flykta, seier Hjemdal.

– Vi har kome eit godt stykke på vei, men vi er svært tydelege på at vi følgjer situasjonen nøye, spesielt korleis Danmark og Sverige fører asylpolitikken sin, seier Schou til NTB.

Ho meiner Arbeidarpartiet også bør vera oppteken av at Noreg ikkje fører ein mildare asylpolitikk enn nabolanda våre, slik at vi blir ei frihamn for flyktningar og asylsøkjarar.

– Det er ingen løyndom at Høgre og Frp skulle sett at innstrammingane frå juni blei strengare, men vi er også nøgde med det vi fekk til då, seier Schou.

Venstre-politikaren meiner Listhaug bør konsentrera seg om å få ned saksbehandlingstida i asylsaker i staden for å kjempa for nye innstrammingar.

– Ho bør arbeida med å effektivisera sin eigen politikk. Asylpolitikken er strammare enn noko gong. Får Listhaug ned saksbehandlingstida, vil også dei som ikkje har krav på opphald bli sende ut tidlegare, og dei vi tek inn kjem fortare inn i arbeidslivet og kan integrerast i samfunnet, seier Skjelstad. (©NPK)