Minst tolv drepne i flyangrep i Syria

Minst tolv soldatar er drepne i flyangrep mot regjeringsvennlege styrkar i Syria, opplyser Syrian Observatory for Human Rights.

Ifølgje den syriske eksilgruppa var alle dei tolv som vart drepne, utanlandske soldatar som kjempa på president Bashar al-Assads side i krigen.

Eit ukjent tal iranske soldatar deltar på bakken i Syria, og det same gjer tusenvis av soldatar frå den libanesiske Hizbollah-militsen.

Ifølgje statlege syriske medium angreip kampfly frå den USA-leidde koalisjonen mot IS fleire stillingar i den austlege Deir al-Zor-provinsen torsdag morgon.

- Nokre av våre militære posisjonar mellom Albu Kamal og Hmeimeh vart trefte i dag tidleg i eit angrep med krigsfly frå den amerikanske koalisjonen, sa ei militærkjelde til nyheitsbyrået SANA.

To angrep

Ifølgje Hizbollahs nettstad var det snakk om to angrep. Eitt fann stad nært grensa til Irak, og det andre trefte rundt 100 kilometer vest for Eufrat, ifølgje Reuters.

Syriske regjeringsstyrkar og deira allierte kontrollerer vestsida av elva Eufrat, mens USA-støtta SDF-opprørarar kontrollerer austsida.

Ei syrisk regjeringskjelde opplyser til det tyske nyheitsbyrået DPA at stillingane som vart angripne var bemanna av soldatar frå den iranske revolusjonsgarden.

Pentagon avviser

Pentagon bekreftar ikkje flyangrepet torsdag.

- Vi har ingen informasjon som underbyggjer desse rapportane, heiter det i ei kunngjering frå den amerikanske forsvarsleiinga.

Israel og Irak har også gjennomført flyangrep i Syria, men det ligg ikkje føre opplysningar om at fly frå desse landa stod bak angrepet torsdag.

Israelske fly har likevel angripe det landet omtalar som iranske mål og iranske styrkar i Syria ved fleire høve den siste tida.

(©NPK)