Annonse

Sandbech må opererast på nytt

(NPK-NTB): Snowboardaren Ståle Sandbech (23) trøblar vidare med knea. Han kan miste store delar av sesongen, fortel TV 2.

23-åringen må opererast på nytt. Han har slite med knea i ein periode, og etter eit fall under X Games i Oslo forverra problema seg.

Begge knea vart operert i mai. Det venstre kneet vart ikkje så bra som ønskt, og no har Olympiatoppens legar bestemt at Sandbech igjen skal under kniven.

Dersom endå eit inngrep vil halde Sandbech ute av snowboardbakken i nye fire månader, som førre operasjon gjorde, vil han gå glipp av både Dew Tour (desember) og X Games (januar). (©NPK)