Annonse

Sandberg hevdar han er dolka i ryggen av partifellar

Per Sandberg skuldar partikollegaer for vondskap og fordommar, og hevdar i eit intervju med Dagbladet at partifellar har dolks han i ryggen.

Han meiner norske medium har gjort seg skuldig i karakterdrap på kjærasten. Men verken Sandberg eller kjærasten vil namngje partikollegaer som dei meiner har trekt i trådar og gjort det dei kan for å øydeleggja for paret, skriv Dagbladet.

- I fleire veker har det vore spreidd systematisk løgn og grove usanne påstandar om oss. Media skjuler seg bak «sikre kjelder» og anonyme toppdiplomatar. Totalt ubrukelege og tidlegare pensjonerte etterretningsoffiserar og etterretningssjefar som uttalar seg om ting dei ikkje har greie på, seier Sandberg, som varslar at det kjem ei bok og at paret vil vurdera rettslege steg mot fleire medium.

- Vi får hjelp av advokatar, og vil saumfare mediedekninga. Verken Bahareh eller eg ser bort frå rettslege steg mot fleire medium, seier han.

- Eg hadde aldri i min villaste fantasi trudd at det var så mykje vondskap og fordommar i det norske folk. Og i alle fall ikkje hos NRK, TV 2 og andre medium, seier Sandberg

Letnes fortel til Dagbladet at det er ekte kjærleik mellom henne og Per Sandberg.

- Eg vil gjerne gifta meg med Per. Dersom han held fram med å vere den same mannen som han er no. Mange menn forandrar seg etter at dei får kjærast, seier 28-åringen til Dagbladet.

Sandberg ristar oppgitt på hovudet når han får spørsmål om han har fridd.

- Eg er midt opp i ei skilsmisse. Utover det, er eg glad for at Bahareh seier ho vil gifta seg med meg, seier den tidlegare toppolitikaren.

(©NPK)

Per Sandberg saman med den norsk-iranske kjærasten sin Bahareh Letnes i Mandal sentrum fredag. Foto: Espen Sand / NTB scanpix