Annonse

Sandberg-saka blir tema i kontrollkomiteen

Statsminister Erna Solberg (H) har ikkje klart å roa Stortinget. Avgangen til Per Sandbergs (Frp) var uunngåeleg, men Stortinget har fleire usvarte spørsmål.

Statsminister Erna Solberg (H) har ikkje klart å roa Stortinget. Avgangen til Per Sandbergs (Frp) var uunngåeleg, men Stortinget har fleire usvarte spørsmål.

Sandberg er etter eige utsegn ikkje ferdig i offentlegheita, sjølv om han måndag gjekk av både som fiskeriminister og som nestleiar i Framstegspartiet etter massiv kritikk og fleire tryggleiksbrot.

Heller ikkje opposisjonen på Stortinget slepper Sandberg-saka. Ap, SV, KrF, MDG og Raudt sit alle med spørsmål dei ikkje har fått svar på etter at statsministeren har svart på brev frå Stortinget og på spørsmål frå journalistane i statsministerbustaden måndag.

- Uheldig og kaotisk

Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner saka føyer seg inn i eit mønster der det blir teke for lett på krav til tryggleik og beredskap.

- Det som har utspelt seg, mellom anna av manglande etterleving av tryggingsreglar og dei interne motsetningane mellom ein statsråd og ein statssekretær (Sandberg og den fråseparerte kona hans Line Miriam Sandberg, red.anm.), lét etter seg eit inntrykk av ganske kaotiske tilstandar, summerte Støre etter pressekonferansen til Solberg måndag ettermiddag.

Ap vurderer om Sandberg-saka bør bli ei sak for kontroll- og konstitusjonskomiteen. Støre seier det kan bli aktuelt å stilla nye spørsmål.

Samla vurdering

Avgangen til Sandberg kjem etter at han reiste på ferie Iran utan å orientera Statsministerens kontor i forkant, slik reglane seier. Sandberg tok også med jobbtelefonen, både til Iran og på ei jobbreise til Kina. Begge deler er i strid med råd frå Politiets tryggingsteneste (PST).

- Sandberg har sjølv bedt om å få gå av. Det meiner eg er ei rett avgjerd, seier Solberg.

På spørsmål frå NTB om kva som har endra seg etter utsegna hennar under Norway Cup om at alle kan gjera feil, svarer ho berre generelt:

- Det har kome nye opplysningar. Avgjerda er ut frå ei samla vurdering.

Spørsmål utan svar

Det vil verken SV eller KrF slå seg til ro med.

- Det står att spørsmål utan svar. Mellom anna kva slags tryggingsrisiko kontakten til Sandberg med Iran og besøk til Kina eventuelt har påført Noreg. Dette er nøkkelspørsmål eg ønskjer å stilla som medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen, seier KrFs Hans Fredrik Grøvan til NTB.

Komitékollega Torgeir Knag Fylkesnes (SV) meiner at saka har avdekt ein elendig tryggleikskultur i regjeringa.

- SV tek denne saka til kontrollkomiteen, seier han til NTB.

Stolt statsminister

Statsministeren er derimot stolt av arbeidet til regjeringa med tryggleik.

- Det kan nok koma oppfølgjande spørsmål om denne saka. Men eg meiner tydeleg at vi tek tryggleik på alvor, seier ho.

- Vi gjer elles veldig mykje på beredskap, noko også rapporten til Riksrevisjonen viser. Vi er ikkje i hamn, men eg ser fram til å svara Stortinget i høyringa om objektsikring. Eg er stolt av det arbeidet vi gjer på tryggleik, seier Solberg.

Sandberg varslar meir

Sandberg seier han og kjærasten vil koma med nye opplysningar tysdag.

- Det er litt andre dimensjonar i denne saka, og det har eg og ikkje minst Bahareh Letnes behov for å konfrontera dykk med, sa han retta mot journalistane.

Sjølv uttalte Letnes i ein SMS at ho opplever saka som ei heksejakt.

Avgangen som nestleiar i Frp grunngjev Sandberg med at han har andre ting i livet sitt han må prioritera no. Men på spørsmål frå NTB om han er ferdig i norsk politikk, svarte han:

- Eg trur verken du eller nokon andre er ferdig med Per Sandberg.

Nesvik og Listhaug

Frp-veteran Harald Tom Nesvik erstattar Sandberg som fiskeriminister. Ålesundaren har 20 år bak seg som stortingsrepresentant, dei siste fem også som parlamentarisk leiar for Frps stortingsgruppe, før han takka nei til attval i 2017.

Som ny nestleiar i Frp blir tidlegare justisminister Sylvi Listhaug heia fram. Partileiar Siv Jensen svarar slik på spørsmål om det er duka for Listhaug i partileiinga:

- Ho er ein politikar eg samarbeider godt med.

(©NPK)

Per Sandberg gjekk av som fiskeriminister måndag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK