Annonse

Sanner i reformmøte på Stortinget

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) var måndag ettermiddag i møte på Stortinget for å diskutera både regionreform og kommunereform.

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) var måndag ettermiddag i møte på Stortinget for å diskutera både regionreform og kommunereform.

Til stades på møtet var KrF-leiar Knut Arild Hareide, Venstre-leiar Trine Skei Grande og leiaren av Stortingets kommunalkomité, Helge André Njåstad frå Framstegspartiet.

Tema på møtet var først og fremst arbeidet med regionreforma, inkludert konsekvensar for valordninga, men også kommunereforma. Men det blei ikkje fatta noko avgjerd når det gjeld tvangssamanslåing av kommunar, får NTB opplyst. Ifølgje Aftenposten blei tvangssamanslåing av både kommunar og regionar diskutert.

- Eg opplever at vi har gode samtalar både når det gjeld kommune- og regionreforma, men ingenting er landa enno. Alle partia har slutta seg til reformene, og det er naturleg at vi snakkar saman jamleg, seier Njåstad til NTB.

Ifølgje Aftenposten er det per i dag 10-15 aktuelle kandidatar til tvangssamanslåing blant norske kommunar. Kjelder NTB har snakka med opplyser at rundt 10 tvangssamanslåingar er mest aktuelt.

Kommunalpolitisk talsperson i Arbeidarparitet Helga Pedersen gjorde det måndag klart overfor NRK at partiet vil innvilga skilsmisse til eventuelt tvangssamanslåtte kommunar som måtte ønskja dette. Kommunal Rapport skreiv same dagen at dette også gjeld regionar som måtte bli slegne saman av stortingsfleirtalet mot sin eigen vilje.

(©NPK)