Saudi-Arabia: Har skote ned missil frå Jemen

Saudi-Arabias luftforsvar skaut ned eit ballistisk missil fyrt av frå det opprørskontrollerte området i Jemen, ifølgje statlege saudiarabiske medium.

Missilet var retta mot byen Jizan. Ein person vart skadd, ifølgje statlege medium.

Houthi-opprørarane i Jemen hevda via sin nettstad at missilet var retta mot eit militært mål i Jizan. Opprørarane har den siste tida skote fleire missil mot nabolandet, som leier koalisjonen som greip inn i den væpna konflikten i Jemen i 2015.

Søndag gjennomførte kampfly frå koalisjonen ei rad tokt mot den jemenittiske hamnebyen Hodeida.

Houthi-opprørarane kontrollerer førebels Hodeida ved Raudehavet, men hamnebyen har sidan onsdag vore utsett for ein offensiv frå regjeringstru styrkar og den saudileidde koalisjonen.

(©NPK)