Seierstad om barnedrap og SMS-skilsmisser i bok

(NPK-NTB): Islamisten Bastian Vasquez skal ha drepe Arfan Bhattis to år gamle son i Syria, ifølgje Åsne Seierstads bok «To søstre».

I boka skildrar forfattar og journalist Åsne Seierstad korleis Bastian Vasquez, ein norsk konvertitt oppvaksen i Skien, drap Arfan Bhattis to år gamle son. Mor til barnet, Aisha Shezadi, var først gift med Bhatti, men drog så frivillig til Syria og der blei ho Vasquez kone nummer to, skriv Stavanger Aftenblad.

Vasquez er truleg omkommen i Syria. Ifølgje boka blei han avretta av IS for å ha drepe guten.

Boka fortel meir om ekteskapet mellom Arfan Bhatti og Aisha Shezadi, som enda med at han skilte seg frå henne i ei tekstmelding.

Bhatti var allereie gift, så Shezadi blei kone nummer to i eit religiøst ekteskap. På bryllaupsreisa tok ho av seg nikaben for første gong.

– Bryllaupsreisa til Hafjell blei ein katastrofe. I bilen heim veksla dei knapt eit ord. Islamisten hadde gått lei av henne nærmast frå første stund, skriv Seierstad ifølgje NRK.

I slutten av 2012 reiste Bhatti til stammeområda mellom Pakistan og Afghanistan. Der skal han ha skilt seg frå Shezadi med tre ord.

Ifølgje Åsne Seierstad var slike hurtige ekteskap typisk for islamistane rundt Profetens Ummah. (©NPK)