Annonse

Selfiekongen Klæbo droppar ikkje fansen

Johannes Høsflot Klæbo prioriterer fansen. Det er heilt uaktuelt å skuffe dei.

Annonse

- Det er viktig for meg å bidra. Det minste ein kan gjere er å ta nokre bilde og slikt. Dersom det gir noko tilbake, er det viktig. Eg prøver så godt eg kan. Det kan bli ein kaldstart (ingen oppvarming) nokre gonger, men det får ein tole når ein er her for å lage show, sa Johannes Høsflot Klæbo til NTB etter Kirkebakken Grand Prix på Hamar førre veke.

Der var han tolmodet sjølv med selfiar og autografar både før og etter konkurransane.

- Han er veldig flink på det. Han relaterer det til den tida då han sjølv såg opp til nokon. Han ser alle. I Drammen sist vinter stod han halvannan time og tok selfiar og alt anna, seier trenar og bestefar Kåre Høsflot til NTB.

- Dette må jo styrast litt, men eg er klar på at ein har eit ansvar for å stille opp. Johannes ser alle. Det er jo ikkje alle som er like frampå, men han ser dei som er i bakgrunnen også.

(©NPK)

Johannes Høsflot Klæbo var ein populær mann under Kulåssprinten i Sarpsborg. Her med endå ein selfie. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix