Semje om WADA-formulering

(NPK-NTB): Kulturdepartementet, Antidoping Noreg og Noregs idrettsforbund er samde om ordlyden i WADA-punktet i det felles nordiske oppropet i kampen mot doping.

Det stadfesta kulturdepartementet overfor NTB fredag ettermiddag. Departementet fekk då stadfesting frå idrettsforbundet om at dei har same forståing av den siste versjonen av ordlyden i det omdiskuterte punktet.

Initiativet til det omtalte oppropet tok kulturminister Linda Hofstad Helleland på eit møte mellom departementet, idrettsforbundet og Antidoping Norge tidlegare denne månaden. Målet var å styrke Verdens Antidopingbyrå (WADA).

Fredag skreiv VG at departementet reagerte sterkt på at idrettsforbundet, som fekk utkastet frå departementet for gjennomlesing, hadde gjort endringar og, ifølgje Helleland, lagt det fram som sitt eige initiativ.

Endringane i dokumentet handla om punktet om WADAs rett til å gje idrettsorganisasjonar og antidopingbyrå som ikkje følgjer regelverket sanksjonar.

– Etter at vi sende vår fråsegn til idrettsforbundet, tok dei ut det punktet, og det var ei avgjerande formulering for meg, streka kulturministeren under overfor NTB fredag.

– Då dei valde å fjerne omgrepet sanksjon, måtte eg setje ned foten, sa Helleland vidare.

Idrettspresident Tom Tvedt hevda på si side at departementet måtte ha misforstått NIFs forslag til tekst, og viste til at WADAs moglegheiter til sanksjonar alt «ligg tydeleg nedfelt i WADA-koden».

Departementet har peikt på at WADA mellom anna ikkje syntest å ha tilstrekkelege høve til sanksjonar i kjølvatnet av dopingavsløringane i McLaren-rapporten, etter mellom andre Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) ikkje følgde tilrådingane frå byrået.

Fredag ettermiddag sende kulturdepartementet ein e-post til idrettsforbundet der det viser til eit nytt forslag til ordlyd for WADA-punktet. Denne siste formuleringa tok imot departementet frå NIF torsdag kveld.

– NIFs forslag til tekstendring torsdag kveld: «WADA må ha ein klar og utvitydig heimel til å gje sanksjonar ...» er ei formulering vi kan akseptere, skriv departementet i sitt svar til idrettsforbundet.

Departementet påpeiker vidare at den siste versjonen av teksten ligg nær opptil det opphavlege forslaget frå departementet.

Det felles nordiske oppropet vi bli lagt fram for WADA-president Craig Reedie på eit møte kommande tysdag. (©NPK)