Annonse

Senator arrestert på Filippinane

Ein senator som har vore ein leiande kritikar av Filippinanes president Rodrigo Duterte er arrestert og sikta for narkotikabrotsverk. 

Annonse

Senator Leila de Lima har vore ein aktiv motstandar av den brutale krigen presidenten har ført mot narkotika.

Arrestasjonen kjem dagen etter at ein domstol skreiv ut arrestordre for Lima og andre tenestemenn som blir skulda for å ha fått mutingar frå narkobaronar. De Lima har nekta for skuldingane og hevdar det heile er eit forsøk frå Duterte på å få kritikarane til å bli stille.

Over 7.000 narkomistenkte er så langt blitt drepne i Dutertes knallharde oppgjer.

(©NPK)