Senterpartiet vil fjerne bomringane

Senterpartiet vil fjerne bomringane og erstatte dei med eit system for avansert vegprising. 

- Når Nord-Jæren blir teppebomba med nye bomstasjonar, må vi tenkje nytt, seier næringspolitisk talsmann i partiet Geir Pollestad til NRK.

Han viser til at det berre på Nord-Jæren er planlagt 38 nye bomstasjonar frå neste haust og 15 år framover.

I det siste partiprogrammet sitt har Senterpartiet vedtatt å greie ut såkalla avansert vegprising i område der det finst. Ordninga går ut på å erstatte bomringane med ein GPS-sendar som registrerer kor mykje og kor langt kvar enkelt bilist køyrer.

Både Transportøkonomisk Institutt (TØI), Sintef, Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) og NAF går inn for å greie ut om ei slik ordning, mellom anna fordi dagens ordning slår urettferdig ut for bilistane.

Datatilsynet meiner avansert vegprising, dersom det blir gjort på den rette måten, kan bidra til å styrkje personvernet.

Samtidig er samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) i gang med å greie ut om såkalla satellittbasert vegprising for tungtransporten, skriv Stavanger Aftenblad.

Ei elektronisk brikke plassert i køyretøyet kommuniserer da med satellittar i verdsrommet og registrerer køyreturen.

Konseptet kan etter kvart bli overført til lette køyretøy.

(©NPK)

Senterpartiet vil fjerne bomringane og erstatte dei med eit GPS-basert system for avansert vegprising. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix