Siv Jensen varslar innstramming på forbrukslån

Finansminister Siv Jensen (Frp) ber Finanstilsynet utarbeida krav til utlånspraksis for forbrukslån.

Finansminister Siv Jensen (Frp) ber Finanstilsynet utarbeida krav til utlånspraksis for forbrukslån.

Nyheita kom i samband med at Jensen presenterte den nye bustadlånsforskrifta tysdag. Bakteppet er ei forbruksgjeld i kraftig vekst, noko som skaper uro for at fleire hushald kan få gjeldsproblem.

- Styresmaktene har difor sett i verk ei rekkje tiltak for å få denne marknaden til å fungera betre. Tiltaka må få tid til å verka, og bankane som tilbyr forbrukslån, må etterleva krava som blir stilt, seier Jensen, men legg til:

- På eitt område ser vi allereie no at det er behov for å stramma til. Vi ser at det dessverre er enkelte som ikkje etterlever retningslinjene til Finanstilsynet for forsvarleg utlånspraksis for forbrukslån godt nok. Eg har i dag bede Finanstilsynet om å føreslå forskriftsfesta krav til utlånspraksis, også for forbrukslån, seier finansministeren.

(©NPK)

Finansminister Siv Jensen (Frp) vil forskriftsfesta krav til utlånspraksis for forbrukslån. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix