Annonse

Sjølvmål på overtid gav Iran 1-0 over Marokko

Fire og eit halvt minutt på overtid stupte innbytar Aziz Bouhaddouz fram og nikka ballen i eige mål. Dermed vann Iran 1-0 over Marokko i fotball-VM.

Bouhaddouz, som er klubbkamerat med Mats Møller Dæhli i St. Pauli, prøvde å klarera frisparket til Ehsan Haji Safi frå venstre. Han skulle nikka unna ved nærmaste stolpe, men det blei heilt feil, og ballen fauk inn i hjørnet utan å kunna bli teken.

Dermed kunne eit asiatisk lag for første gong på nesten åtte år jubla for siger i eit VM-sluttspel for menn. Sidan Japan slo Danmark 3-1 i sørafrikanske Rustenburg 24. juni 2010 var status for Asia 0 sigrar, 4 uavgjorte og 12 tap.

For Marokko blei det bittert vonbrot igjen, 20 år etter det som for dei var ikkje mirakelet, men tragedien i Marseille. Marokko spelte den førre VM-kampen sin den for uforgløymelege kvelden for nordmenn i 1998 då Noreg slo Brasil og gjekk vidare i VM på kostnad av marokkanarane. Marokkanarane hadde jubla for 3-0 over Skottland, men gret og raste då Noreg vende til siger. Som dei gret då dei fredag fall for eige grep.

Hastverk

Noreg tapte i åttedelsfinalen i 1998 og har sidan venta forgjeves på eit nytt VM-sluttspel. For Marokko var ventetida over fredag, og laget såg ut til å ha hastverk med å ta att det tapte då Iran blei trykt tilbake frå start.

Iveren tok overhand då Hakim Ziyech fekk høve til å skyta på eit hjørnespark etter nokre få minutt, men bomma heilt på ballen.

I det 19. minuttet var det nesten ikkje til å tru at ballen ikkje enda i mål etter eit vanvitig marokkansk bombardement inne i feltet. Etter tur prøvde Ziyach, Younès Belhanda, Medhi Benatia og Romain Saïss skotfoten, men avslutningane blei redda eller blokkert.

Kampen mellom to vanlegvis gjerrige lag med europeiske trenarringrevar på benken (portugisiske Carlos Queiroz for Iran, franske Hervé Renard for Marokko) blei overraskande temporik, open og underhaldande. Etter kvart viste også iranarane at dei har offensive kvalitetar.

Kjempesjanse

Kontringsstyrken til laget sette Marokko-forsvaret på prøvar, og eit par minutt før pause fekk Iran ein gigantsjanse. Omid Ebrahimi vann ballen frå Belhanda og sette i gang ei kontring der Sardar Azmoun spelte vegg med Karim Ansarifard og var gjennom. Keeper Monir El Kajoui heldt seg på beina, avverja med ein beinparade og fekk også ei hand på returen.

Marokko hadde ballen dobbelt så mykje som Iran i første omgang, men det var ein kamp som levde for fullt.

Også i andre omgang var det mange dramatiske situasjonar, men litt for ofte handla det om spelarar som vreid seg i smerte etter tøffe duellar, og som tidvis omringa dommaren i håp om at motspelarar skulle straffast.

Marokko var hakket betre, og ti minutt før full tid sende Ziyech i veg eit følsamt skot som hadde vore eit vinnarmål verdig. Målvakta til Iran Ali Beiranvand måtte ut i full strekk for å få handa på ballen og slå den til hjørnespark.

Iran måtte sjå måljegeren sin Alireza Jahanbakhsh bli boren ut med skade i sluttfasen. Det er dårleg nytt før dei kampane som står att mot Spania og Portugal, men fredag baud ein marokkansk spiss på målet som avgjorde.

(©NPK)

Spelarane til Iran spring for å gratulera pasningsleggjaren Ehsan Haji Safi (3) etter sjølvmålet som gav 1-0-siger over Marokko i fotball-VM. Foto: Darko Vojinovic, AP / NTB scanpix