Sjuk Kristoff blei nummer åtte etter velt

Alexander Kristoff fekk ein tung fredag i Abu Dhabi Tour. Sjukdom og velt summerte opp den tredje etappen for nordmannen.

Syklisten enda på åttandeplass på den 3. etappen av rittet i Abu Dhabi.

- Eg følte meg ikkje bra i går, og i natt sovna eg ikkje før klokka tre. Hadde hosteanfall, seier Kristoff til Procycling.no.

Han seier «beina ikkje var konge» på fredagsetappen, der han enda i asfalten 45 kilometer før målgang.

- Krasjen sette meg ikkje tilbake noko spesielt, men alltid irriterande å bli køyrd ned uforskyldt, seier Kristoff.

Det blei åttandeplass etter ein spurt der Kristoff ikkje hang med dei beste. Tyske Phil Bauhaus kneip sigeren føre landsmennene Marcel Kittel og Pascal Ackermann.

Etappen i Abu Dhabi Tour fredag gjekk over 133 kilometer frå Nation Towers til Big Flag.

Kristoffer Halvorsen blei nummer 13, medan Sven Erik Bystrøm trilla inn som nummer 38.

Kristoff ligg på andreplassen i samandraget, tre sekund bak italienske Elia Viviani. Halvorsen ligg på 16.-plass, 13 sekund bak, mens Bystrøm ligg på 117.-plass, 4.20 minutt bak.

(©NPK)

Alexander Kristoff har slite med sjukdom og seier «beina ikkje var konge» etter åttandeplassen i Abu Dhabi. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix