Annonse

Sjukeheim i Stavanger tapte hijab-sak

Likestillings- og diskrimineringsnemnda slår fast at det er lovstridig å nekte tilsette ved Blidensol sjukeheim i Stavanger å bruke hijab på jobb. 

Annonse

Nemndvedtaket blei fatta torsdag og slår fast at hijab-forbodet ved sjukeheimen er i strid med forbodet mot diskriminering på grunn av religion, skriv Stavanger Aftenblad.

Det var ein kvinneleg tilsett ved sjukeheimen, som sjølv brukar hijab, som klaga inn forbodet til Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO). Kvinna fekk medhald frå LDO, men driftsstyret ved sjukeheimen klaga saka vidare til nemnda.

Nestleiar ved sjukeheimen, Kirsten Smedvig, sa under møtet med nemnda tidlegare i mars, at ho ønskte ein nøytral uniform for sine tilsette. Ho påpeikte også at det hadde vore reaksjonar frå pårørande og andre tilsette når det gjaldt hijab-bruken.

Nemndvedtaket er i tråd med LDOs tidlegare utsegn i saka. Fire av fem medlemmer står bak vedtaket, som er avsagt under dissens.

(©NPK)