Annonse

Sjukehus i Lofoten utan vatn

(NPK-NTB): Sjukehuset og sjukeheimen på Gravdal i Lofoten må få frakta vatn til seg i kanner etter at eit vassrøyr har sprunge lekt.

Både sjukehuset og sjukeheimen var utan vatn onsdag ettermiddag. I tillegg har Vestvågøy kommune fått inn fleire meldingar om at ein del husstandar i området har mista vatnet, skriv Lofotposten.

– Store delar av Gravdal er ramma. Vi arbeider med å tette lekkasjen. Det blir køyrt ut krisevatn til institusjonane på Gravdal. Vatnet skal vere tilbake i kveld, opplyste Vestvågøy kommune onsdag ettermiddag.

Ein tankbil har køyrt ut såkalla bruksvatn til toalett og liknande, mens det blir distribuert drikkevatn i flasker til sjukehuset og sjukeheimen. (©NPK)