Annonse

Skal halvere matsvinnet 

Matbransjen og regjeringa har underteikna ein avtale om å redusere matsvinnet i Noreg. Målet er å halvere mengda mat som går til spille innan 2030.

Ein tredel av all mat som blir produsert i verda blir øydelagt eller kasta. Berre i Noreg kastar ein gjennomsnittleg norsk forbruker 42 kilo mat, som kunne vore eten, kvart år. Matsvinn i heile matkjeda utgjer 68 kilo i året.

- Å kaste mat er sløsing med ressursar og gode produkt. Om vi klarer å redusere matsvinnet, vil vi spare både pengar og miljø. Det er ikkje berre den enkelte forbrukar som har ansvaret, men heile matbransjen, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).

Underteikna fredag

Han kom opphavleg med nyheita om avtalen på EAT-konferansen i Stockholm i juni, og no er han underteikna.

I avtalen sluttar partane seg til berekraftsmålet frå FN om å halvere matsvinn innan 2030. Den er underteikna av Helgesen, landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp), fiskeriminister Per Sandberg (Frp), helseminister Bent Høie (H) og forbrukarminister Solveig Horne (Frp).

Frå matbransjen underteikna representantar frå Daglegvarehandelens Miljøforum, Dagligvareleverandørenes forening, NHO Mat og Drikke, NHO Reiseliv, NHO Service, Norges Bondelag, Norges Fiskarlag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norske Sjømatbedrifters Landsforening, Næringslivets Hovedorganisasjon, Sjømat Norge og Virke.

- Ikkje konkret nok

Organisasjonen Framtiden i våre hender meiner avtalen ikkje er konkret nok sjølv om målsettinga og intensjonane er gode.

- Avtalen sikrar ikkje openheit om matsvinn for dei enkelte aktørane. Det er ein vesentleg veikskap. Vi kjem ikkje til å få vite kor mykje Coop, Norgesgruppen eller REMA kastar på bakgrunn av denne avtalen. Difor blir det også vanskeleg å ansvarleggjere enkeltaktørane, seier. Håkon Lindahl, fagsjef i Klima- og miljøavdelinga i organisasjonen.

· Framtiden i våre hender har i ei eiga undersøking påvist at under halvparten av daglegvarebutikkane i Noreg, 48 prosent, har ein avtale om å donere overskotsmat til velgjerande organisasjonar.

Organisasjonen ønsker derfor ei eiga "matkastelov" der butikkane blir pålagde å ha ein slik avtale.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix