Skarstein suveren i ro-VM

Birgit Skarstein var ustoppeleg og vann sitt innleiingsheat i ro-VM i klassingsstil.

Den norske pararoeren noterte seg for tida 11.12. Det var over halvminuttet før nærmaste konkurrent Moran Samuel frå Israel, som hadde 11.45. Også vinnaren av det andre heatet, tyske Sylvia Pille-Steppart var oppe på 11.45.

Før det var rodd 100 meter hadde Levanger-jenta fått ei heil båtlengde til konkurrentane sine. Ho auka sakte, men sikkert og det skilte rundt 70 meter mellom dei to første båtane.

Ho er dermed klar for finalen som går på den siste dagen i meisterskapen, meisterskapen, søndag.

Også den norske dobbeltfiraren med Martin Helseth, Erik Solbakken, Jan Helvig og Nils Jakob Hoff fekk ein grei tur til semifinale. Dei vann oppsamlingsheatet sitt relativt grei. Dei var nesten tre sekund før den ukrainske båten på andreplass.

Semifinalen går av stabelen torsdag.

(©NPK)

Birgit Skarstein er klar for finalen i ro-VM.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix