Skiforbundet ber Antidoping Norge om hjelp

(NPK-NTB): Norges Skiforbund har bedt Antidoping Norge om å hjelpe forbundet i gjennomgangen av medisinbruken til langrennslandslaget.

I ei pressemelding skriv også skiforbundet at det kan bli aktuelt å hente inn annan ekstern assistanse i dette arbeidet. Slik skal dei sikre at arbeidet blir uavhengig og truverdig.

– Det er sjølvsagt heilt avgjerande for oss at denne gjennomgangen blir gjennomført og leidd av personar som ikkje på nokon måte er knytt til Norges Skiforbund, seier leiar i langrennskomiteen Torbjørn Skogstad.

Dei to ønskjer ein slik gjennomgang etter at anonyme kjelder hevdar dei er tilbodne astmamedisin på landslaget, sjølv om dei er friske.

Fleire kritiske røyster har vore ute og kravd at ei slik undersøking må gjerast heilt uavhengig.

– Førstkommande måndag skal langrennskomiteen møtast for å avgjere korleis ein skal gjennomføre dette på beste måte. Mandat og samansetjing må vi komme tilbake til, men eg har i dag vore i dialog med Antidoping Norge og dagleg leiar Anders Solheim, som er positiv til å bidra, seier Torbjørn Skogstad.

Torbjørn Skogstad understrekar at det utover ei anonym kjelde som har uttalt seg i media, ikkje ligg føre nokon ytterlegare informasjon som bekreftar påstandane.

– Sjølv om desse påstandane er framsett anonymt utan nokon detaljar vi kan undersøkje, er det behov for at alle forhold knytt til medisinering blir avklart ope og tydeleg, seier Skogstad i pressemeldinga. (©NPK)