Annonse

Skotske klubbar må svare for fansens hærverk

(NPK-NTB-AFP): Skottlands fotballforbund har opna sak mot klubbane Rangers og Hibernian etter tilskodarbråket i cupfinalen førre sesong.

Hibernian slo Rangers 3– 2 i finalen på Hampden Park, men det sportslege blei totalt overskygga av problema supporterane skapte etter å ha invadert bana etter kampslutt.

No har klubbane fått skriftleg klage frå Skottlands fotballforbund. Der argumenterer forbundet for at fansens oppførsel påførte arenaen skadar.

Både grasmatta, to målstolpar og delar av stadionets LED-baserte reklamesystem blei skadd.

Klubbane har til neste tysdag med å gi svar til skuldingane mot dei. 4. oktober er det høyring i saka. (©NPK)