Annonse

Skuffande vekst i USAs økonomi

(NPK-NTB-AP): For tredje kvartal på rad er veksten i USAs økonomi lågare enn kva styresmaktene og økonomar hadde rekna med.

Forventningane om at amerikansk økonomi ville hente seg inn igjen etter ein hard vinter, blei ikkje innfridd i perioden frå april til juni. Offisielle tal viser ein auke i bruttonasjonalproduktet (BNP) på 1,2 prosent, langt lågare enn dei 2,6 prosentane som økonomiske ekspertar hadde spådd.

Regjeringa nedjusterte dessutan veksten i fyrste kvartal, som tidlegare blei anslått å ha lege på 1,1 prosent, men som no viser seg å ha vore på 0,8 prosent.

USA har no opplevd ein mager vekst sidan oktober i fjor.

Trass i skuffande tal i andre kvartal, har analytikarane framleis tru på at veksten vil ta seg opp det neste halvåret. (©NPK)