Annonse

Sky Sports: Mourinho klar for United

(NPK-NTB): José Mourinho har skrivet under for Manchester United, melder Sky Sports.

Det er enno ikkje komme noka offisiell stadfesting, men det har ikkje vore nokon stor løyndom at portugisaren kom til å bli den nye sjefen på Old Trafford.

Sist helg kom dei første sikre opplysingane om at nederlendaren Louis van Gaal kom til å få sparken, og den endelege stadfestinga på det kom måndag kveld.

Meir eller mindre kontinuerleg sidan den tid er det ført forhandlingar mellom Mourinho, hans agent Jorge Mendez og Manchester United.

Sky Sports hevdar at kontrakten mellom United og Mourinho blei underskrive på eit hotell i London rundt klokka 18 norsk tid torsdag kveld. Då skal Mourinho ha møtt Uniteds styreformann Ed Woodward. TV-kanalen meiner å vite at Mourinho kom til det siste forhandlingsmøtet blant anna iført ein symbolsk svart og raudt slips. (©NPK)