Skyting: 60 skot liggjande forsvinn frå OL-programmet

Det internasjonale skyteforbundet vil fjerna tre øvingar frå OL-programmet til fordel for blanda lagkonkurransar. Mellom anna forsvinn 60 skot liggjande.

Det blei vedteke på ISSF-styremøtet i New Delhi denne veka. Målet er å skapa auka kjønnsbalanse og behalda 15 skyteøvingar på OL-programmet: Fem i rifle, fem i pistol og fem i leirdue.

Rifle 60 skot liggjande frå 50 meters hald er ei av øvingane der norske skytarar har hevda seg, sjølv om det enda med fiasko i Rio i fjor. Heretter blir heilmatch den einaste OL-øvinga for rifle 50 meter.

ISSF vil erstatta øvinga med ein blanda lagkonkurranse i luftrifle.

Forbundet vil også byta ut 50 meter pistol for menn med ein blanda lagkonkurranse i luftpistol og dobbelttrap menn med ein blanda lagkonkurranse i leirdue trap.

- Vi meiner dette er eit viktig steg for idretten vår, seier ISSF-president Olegario Vazquez Rana i eia href="http://www.issf-sports.org/news.ashx?newsid=2731">pressemelding
.(©NPK)