Småkryp kan øydeleggje ferien

Sommaren er høgsesong for spreiing av skadedyr. Det er viktig å sjekke kofferten, elles kan ferien ende med å bli både ubehageleg og dyr.

Det er særleg to skadedyr som forsurar ferietida, skjeggkre og veggedyr. Skjeggkre går ikkje laus på menneske, men kan opptre i store delar av ein bustad. Veggedyr er den store skrekken. Det er eit nattaktivt insekt som syg blod mens vi søv. Stikka kan gi infernalsk kløe.

- Veggedyr vil normalt ikkje overføre sjukdommar til menneske, men veggedyr kan gi kløande utslett, og det blir opplevd som ubehageleg å dele seng med dei, skriv Folkehelseinstituttet.

Aukar kraftig

På grunn av resistens mot insektmiddel og auka reiseaktivitet har førekomsten av veggedyr auka kraftig over store delar av verda dei siste 15 åra. Skadedyrkontrollørar har tidlegare meldt om stor pågang frå folk som har komme heim frå utlandet i sommar, og som har mistanke om smådyr i bagasjen.

Ifølgje ekspertane har det ikkje noko å seie om du bur på eit luksushotell i New York, eller eit billig krypinn. Skadedyra kan vere der uansett. Ifølgje Folkehelseinstituttet finst veggedyr ofte på overnattingsstadar med stor utskifting av gjester.

Høg pris

- Hotell, pensjonat og campinghytter er typiske eksempel. I feriar eller på forretningsreiser vil det alltid vere ein risiko for at dei kan bli med i bagasjen. Som eit generelt førebyggjande tiltak vil det vere fornuftig å halde sekkar, bagar eller koffertar lukka under heile opphaldet, heiter det på nettsidene til instituttet.

Prisen for å bli kvitt uvesenet kan fort bli høg. Ei enkel behandling av for eksempel eit soverom som er angripe av veggedyr, kan raskt komme opp i over 30.000 kroner.

Fakta om veggedyr og skjeggkre

  • Veggedyret (Cimex lectularius) er ei blodsugande, vengjelaus tege.
  • Dei var tidlegare vanleg utbreidd og ei stor plage i mange område av Noreg, men ved hjelp av moderne insektmiddel vart dei nesten utrydda på 1950-talet. Dei seinare åra har likevel førekomsten igjen auka.
  • Veggedyret er raudbrunt og har ein oval og sterkt flattrykt kroppsform. Som vakse er det 4-5 millimeter langt og 3 millimeter bredt. Dei fleste teger, inkludert veggedyr, skil ut ei sterk, karakteristisk lukt. Dei oppheld seg først og fremst på stadar der menneske søv.
  • Veggedyr stikk vanlegvis menneske om natta og syg blod på stadar som er udekte av klede. Bit kan gi kløande, raudt utslett.
  • Eit vakse veggedyr syg blod i 3-12 minutt for å bli mett.
  • Veggedyra kan også ha tilhaldsstad ganske langt frå senger, divanar og sofaer. Typiske gøymestadar er baksida av skap og bilde, i sprekker i panel og bak lister ved golv.
  • Skjeggkre (Ctenolepisma longicaudata) er eit insekt som vart oppdaga i Noreg i 2013.
  • Dei lever innandørs i tørre omgivnadar og kan opptre i store delar av ein bustad. På grunn av lang levetid (opptil sju år) og relativt god formeiringsevne kan førekomsten av skjeggkre opplevast som svært plagsam og vanskeleg å bli kvitt.
  • Skjeggkre kan livnære seg på ulike organiske stoff som dei finn i støv og smular, og dei kan gå laus på tapet etc.

(Kjelder: Folkehelseinstituttet, Wikipedia)

Fakta om forholdsreglar mot skadedyr

  • Den vanlegaste måten å få veggedyr inn i bustaden på er via bagasjen dersom ein har overnatta på stadar med veggedyr.
  • Ein bør derfor ta visse forholdsreglar når ein er ute og reiser: Undersøk undersida av senga på overnattingsstaden for å sjå etter ekskrementflekker og dyr. Sjå også etter i sprekker og løft på tekstilkantar i senga og andre møblar der det er mogleg.
  • Finn du veggedyr eller det ein mistenkjer er spor etter desse, skal du ikkje flytte inn på rommet. Oppsøk resepsjonen umiddelbart og be om at rommet blir undersøkt nøye. Be om eit nytt rom eller skift overnattingsstad dersom mistanken om veggedyr ikkje blir avklart.
  • Hald mest mogleg av bagasjen i kofferten til kvar tid. Ta berre ut det du til kvar tid treng.
  • Plassar kofferten vekk frå senga, gjerne på eit koffertstativ om slikt finst.
  • Har du overnatta på ein stad der du mistenkjer at det kan ha vore veggedyr, bør bagasjen kulde- eller varmebehandlast før den blir teken inn ved heimkomst.

(Kjelde: Folkehelseinstituttet)

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Solveig Vikene / NTB scanpix

Sommaren er høgsesong for spreiing av veggedyr. Desse tipsa hjelper deg med å halde veggedyra unna.