Annonse

Snillaste VM-start på 32 år

Etter tolv kampar i fotball-VM har det framleis ikkje vore ei einaste utvising.

Annonse

35 spelarar har fått gule kort dei fire første VM-dagane, men ingen har sett raudt så langt.

Det gjev den lengste ventetida på det første raude kort i VM sidan Mexico-VM i 1986. Då kom den første utvisinga i 16. kamp.

Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har hatt ei uttalt forhåpning om at talet på raude kort i VM i år skal falla. Hovudårsaka er at det er innført videodømming, som gjer at spelarane veit at alle stygge taklingar kan bli sett nærmare på sjølv om dommaren ikkje får dei med seg eller vurderer dei som «snillare» i første omgang.

I VM i Brasil for fire år sidan blei det i alt delt ut ti raude kort, ein stor nedgang frå 17 utvisingar i 2010. I verdsmeisterskapen i Tyskland i 2006 blei det delt ut heile 28 raude kort.

(©NPK)

Dommar César Arturo Ramos delte ut fire gule kort i kampen mellom Brasil og Sveits søndag. Det første raude kortet i VM lèt derimot venta på seg. Foto: Andrew Medichini / AP / NTB scanpix