Over 50 drepne i luftangrep aust i Syria

Minst 52 regjeringsvennlege militssoldatar er drepne i eit luftangrep mot stillingar i Deir al-Zor-provinsen aust i Syria, melder syriske medium og SOHR.

- Fly frå den amerikanske koalisjonen bomba ein av våre militære stillingar i al-Hari-området søraust for Albu Kamal i den austlege Deir al-Zor-provinsen, melder det statlege syriske nyheitsbyrået SANA.

Minst 52 utanlandske militssoldatar, allierte med det syriske regimet, vart drepne i angrepet, melder Syrian Observatory for Human Rights (SOHR).

- Blant dei er det minst 30 irakiske krigarar og 16 syrarar, inkludert soldatar og medlemmer av regjeringsvennleg milits, seier SOHRs leiar Rami Abdul Rahman.

Mange nasjonalitetar

Nasjonaliteten til dei seks attverande drepne soldatane er ikkje kjent, men forutan irakisk milits er det både iranarar, afghanarar og libanesarar i området.

Fleire soldatar vart også såra i angrepet, og nokre av desse blir behandla på eit sjukehus i Albu Kamal, mens andre er frakta over grensa til Irak.

SOHR kan ikkje bekrefte kven som stod bak angrepet, men ei høgtståande syrisk militærkjelde seier til SANA at det truleg var amerikanske dronar.

USA nektar

Dette blir avvist av ein talsmann for den USA-leidde koalisjonen som kjempar mot den ytterleggåande islamistgruppa IS i Syria og Irak.

- Vi kjenner til rapportane, men har ikkje gjennomført angrep i området, seier oberst Sean Ryan.

Irakiske fly har også bomba antatte IS-mål inne i Syria, mens Israel har gjennomført flyangrep mot regjeringsmål. Det ligg likevel ikkje føre opplysningar om at desse landa stod bak angrepet mot al-Hari.

Syriske regjeringsstyrkar og deira allierte har gjennomført operasjonar mot IS vest for Eufrat, mens dei USA-støtta kurdisk-leidde opprørarane i SDF har gjennomført operasjonar mot IS på austsida av elva.

(©NPK)