Solberg: – Skremmande verkelegheitsnært

(NPK-NTB): Statsminister Erna Solberg (H) hylla avisteiknar Roar Hagen under lanseringa av boka hans, «Den norske forteljinga», i Oslo tysdag kveld.

Boka inneheld avisteikningar han har samla gjennom ein 40 år lang karriere.

– Eg har djup respekt for evna hans til å ta ting på kornet. Nokre gonger gler eg meg, og nokre gonger irriterer eg meg, seier Solberg med eit smil.

Avisteiknaren seier på si side at han liker å teikne statsministeren, som har ein sterk karakter og ein god profil. Men ein type teikningar har han unngått gjennom heile karrieren – og det er religion.

– Da eg voks opp, så tulla ein ikkje med slikt, ikkje ein gong heidningane, seier Hagen.

Så da karikaturstriden om Muhammed-teikningane rasa, hadde han sitt på det tørre. Likevel gjekk han ut og forsvarte ytringsfridomen og retten avisteiknarane har til å teikne kva dei vil.

– Det er mange som kan seie at vi har ytringsfridom. Men eg oppfattar at det Hagen seier, er at den reelle ytringsfridomen er å kunne tørre å seie noko – sjølv om det kanskje har ein kostnad ved seg, sa ein alvorleg statsminister under boklanseringa i Litteraturhuset i Oslo.

Hagen sjølv meiner at karikaturstriden var ein tankevekkjar for avisteiknarmiljøet, og at det er viktig at teiknarane er trygge på det dei gjer. Han legg til at ei god avisteikning kan vere med på å forklare røyndommen og komplekse samanhengar. (©NPK)