Solberg: Rett av Sandberg å gå av

Per Sandberg (Frp) bad sjølv om å få gå av, og det meiner eg er ei rett avgjerd, seier statsminister Erna Solberg (H).

Per Sandberg (Frp) bad sjølv om å få gå av, og det meiner eg er ei rett avgjerd, seier statsminister Erna Solberg (H).

- Han har stått i ein krevjande situasjon, og vi har hatt fleire samtalar om dette, sa Solberg på ein pressekonferanse saman med Sandberg måndag ettermiddag.

Solberg takka Sandberg for arbeidet både som fiskeriminister og for bidraget hans i regjeringa.

- Per har bidrege til arbeidet til regjeringa med den lange erfaringa si frå Stortinget og har hatt mykje å seia for forhandlingane om regjeringsplattform, sa Solberg.

Ho stadfesta endå ein gong at Sandberg ikkje har følgt tryggingsrutinane for bruk av mobiltelefon på reise.

- Det gjeld også bruk av tenestetelefonen då han reiste til Kina i vår, sa Solberg.

Ho sa vidare at regjeringa har prioritert arbeidet med tryggleik og beredskap.

(©NPK)