Sør-Sudans rivalar møtest for første gong på nesten to år

For første gong på nesten to år skal Sør-Sudans president Salva Kiir og rivale hans Riek Machar møtest ansikt til ansikt.

Møtet finn skjer onsdag i Etiopias hovudstad Addis Abeba.

Borgarkrigen i det som er det yngste landet i verda, har no vart i fem år. Trass i fleire forsøk på å få på plass ein fredsavtale, har kampane halde fram. Titusenvis av menneske er drepne, og konflikten har også resultert i den største flyktningkatastrofen i Afrika sidan folkemordet i Rwanda i 1994.

Møtet blir halde før toppmøtet i Afrikaunionen (AU) den 1. juli.

Begge partane i krigen i Sør-Sudan blir skulda for omfattande overgrep, mellom anna gjengvaldtekter av sivile langs etniske linjer.

Ei rekkje sørsudanske tenestemenn blir dessutan skulda for å villa halda oppe krigen fordi dei tener på han.

Trugar med våpenboikott

Tidlegare i juni vedtok FNs tryggingsråd ein resolusjon der det blei truga med våpenboikott mot Sør-Sudan viss kampane ikkje stoppar og partane inngår ein politisk avtale. Det blei også truga med sanksjonar mot seks personar, mellom anna Sør-Sudans forsvarsminister.

FNs generalsekretær Antonio Gueterres skal gje rådet ein rapport om utviklinga innan 30. juni.

Riek Machar, som tidlegare var Kiirs visepresident, flykta frå Sør-Sudan etter at det braut ut nye kampar i hovudstaden Juba i juli 2016. Kamputbrotet sette sluttstrek for fredsavtalen som blei inngått året før, og som innebar at Machar i ein kort periode var tilbake som visepresident. Han blei seinare plassert i husarrest i Sør-Afrika.

Byggja bru?

Måndag morgon kom han Addis Abeba, mens Kiir kom same ettermiddagen, ifølgje etiopiske styresmakter.

Samtalene er i utgangspunktet generelle og skal først og fremst bidra til å byggja bru mellom dei to. Analytikarar er usikre på om dei kjem til å gje resultat gitt det elendige forholdet mellom dei to.

Sidan valden på nytt blei trappa opp i 2016, har det blitt danna fleire nye opprørsgrupper, noko som gjer fredsarbeidet endå meir komplisert.

(©NPK)

Sør-Sudans visepresident Riek Machar (t.h.) og president Salva Kiir, under eit tidlegare møte i hovudstaden Juba. Foto: Jason Patinkin / AP / NTB scanpix