Annonse

Søreide på FNs kvinnekonferanse: Sender eit kraftig signal

Med metoo-kampanjen som bakteppe stiller Noreg for første gong i historia på kvinnekonferansen til FN (CSW) i New York med heile to ministrar. 

Med metoo-kampanjen som bakteppe stiller Noreg for første gong i historia på kvinnekonferansen til FN (CSW) i New York med heile to ministrar.

- Metoo har skapt eit tidsskilje, meiner utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).

- Vi kan ikkje gå tilbake til slik det var, slår ho fast overfor NTB.

Saman med barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland kom ho onsdag kveld til New York for å delta på kvinnekonferansen, den 62. i rekka i regi av UN Women.

Det er første gong ein norsk utanriksminister deltar på konferansen. Det sender eit kraftig signal, meiner Søreide.

- Dette er ein veldig viktig del av norsk utanrikspolitikk. Å ha eit kvinneperspektiv er heilt nødvendig for å nå berekraftsmålet til FN, seier Søreide.

Frå protest til aksjon

Metoo-kampanjen blir allereie rekna som noko av det viktigaste som har skjedd på likestillingsfronten i nyare tid. Men korleis gå vidare og løfte kampanjen til eit høgare nivå, var tema for sidearrangementet «Women in the media: from outcry to action» som Noreg arrangerte i FN fredag saman med UN Women og avisa The Guardian.

- Seksuell trakassering kan skje kven som helst. Menn er ikkje utsette for den same nådelaus granskinga som kvinner til dels blir, konstaterte den britiske skodespelaren og aktivisten Sienna Miller i opningstalen sin.

- MeToo er blitt eit vippepunkt. Kampanjen har gitt oss høve til å sjå kva for angrep som skjer på kvinner i det verkelege liv. Men for første gong er mektige menn blitt stilt til ansvar, seier UN Women-direktør Phumzile Mlambo-Ngcuka.

Krev tiltak

Søreide vil framover prøve å samle Stortinget om fleire tiltak i kjølvatnet av metoo. Blant forslaga som no skal greiast ut, er eit lågterskeltilbod som ein egen nemnd for trakasseringsoffer.

Også medieorganisasjonar som Committee to Protect Journalists (CPJ), Reporterar utan grenser (RSF) og International Association for Women in Radio and Television (IAWRT) krev at mediehus og lovgivarar må innføre tiltak og sanksjonar for å hindre trakassering av journalistar.

- Truslar og trakassering rammer særleg kvinnelege journalistar. I fjor blei talet på kvinnelege journalistar som blei drepne, tredobla, seier Courtney Radsch frå CPJ.

Størst risiko

Årets kvinnekonferanse er den største i FN nokosinne, med over 8.000 deltakarar frå godt over 1.000 sivile og statlege organisasjonar, og meir enn 700 ulike arrangement. Hovudtema for konferansen er korleis sikre likestilling også for kvinner og jenter på landsbygda. Desse har den største risikoen for å bli hengande etter i utviklinga.

- Religion eller kulturelle tradisjonar må aldri stå i vegen for jenter til å leve frie liv, eller brukast som ein unnskyldning for å ta frå kvinner grunnleggjande rettar, understreka Helleland da ho heldt hovudinnlegget til Noreg i FN torsdag morgon.

Også i Noreg er det framleis utfordringar i distriktsnæringar som landbruk og fiskeri.

- Der pengane er, er det få kvinner, konstaterer Helleland.

(©NPK)

Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H) og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) er i New York for å delta på kvinnekonferansen til FN. Det er første gong i historia Noreg deltar med to ministrar. Foto: Bibiana D. Piene / NTB scanpix.