Annonse

Søreide: Xinjiang-rapportar vekkjer bekymring

Norske styresmakter uttaler seg forsiktig om meldingane som har kome siste tida om Kinas behandling av den muslimske minoriteten i Xinjiang-provinsen.

- Rapportane som har kome dei siste månadane om situasjonen for muslimske minoritetar i Xinjiang vekkjer bekymring, skriv utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) i eit brev til Stortinget.

Søreide svarer på spørsmål frå Une Bastholm frå Miljøpartiet Dei grøne. I sitt spørsmål viser Bastholm til ein fersk rapport frå Human Rights Watch. Der kjem det fram at titusen av menneske frå den muslimske folkegruppa uigurane blir haldne innesperra i såkalla omskuleringsleirar.

- Om påstandane som står i rapporten er rette, er det alvorleg, skriv Søreide.

Situasjonen for uigurane i Xinjiang nordvest i Kina har også vore drøfta i FN-systemet denne veka.

- Vi har også merkt oss bekymringane som er komme til uttrykk under den pågåande høyringa av Kina i FNs rasediskrimineringskomité (CERD). Kinesiske styresmakter på si side gjer gjeldande bekymring for sikkerheitsutfordringane knytt til radikalisering og valdeleg ekstremisme, seier Søreide.

Avviser leirar

Amerikanske Gay McDougall viste under FN-høyringa til «talrike og truverdige rapportar» om at Kina har forvandla provinsen til «noko som liknar på ein massiv interneringsleir». Ho uttrykte djup bekymring for situasjonen.

Men Kina nektar for skuldingane om at millionar av uigurar og andre kinesiske muslimar blir haldne fanga i interneringsleirar og omskuleringssenter.

- Påstanden om at 1 millionar uigurar er internert i omskuleringssenter, er fullstendig usann, sa den kinesiske utsendinga Hu Lianhe måndag.

I samband med ei høyring i Kongressen i USA om Xinjiang, skildra republikanaren Marco Rubio situasjonen i provinsen som «noko av det mest grufulle som skjer i verda i dag».

Braut kontakt

Kina braut all politisk kontakt med Noreg etter at den avdøde dissidenten Liu Xiaobo blei tildelt Nobels fredspris i 2010. Forbindelsane blei gjenoppretta etter at Noreg i ei politisk erklæring lovar å respektere Kinas kjerneinteresser.

Søreide viser i sitt brev fredag til at menneskerettar er «ein viktig del av dagsordenen for vår bilaterale dialog med Kina.»

- Multilateralt vil Noreg delta i FNs periodiske landshøyring (UPR) av Kina som finn stad i Menneskerettsrådet i november. Dette er eit høve til å gi konkrete tilrådingar om menneskerettssituasjonen i Kina, seier utanriksministeren.

(©NPK)

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) seier rapportane om situasjonen for minoritetar i den kinesiske Xinjiang-provinsen vekkjer bekymring. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix